a

Sunnivas beste tips for eit vellykket folkehøgskuleår – Gjør mest mogleg ut av året

Sunniva Tjalvin Alvsåker trivst svært godt på linja Sport Extreme Australia på Bakketun Folkehøgskule. Høyr hennar beste minne frå året, og nokre tips til kommande folkehøgskuleelvar.

Bakketun Folkehøgskole tur til Spania

Sunniva seier at året på folkehøgskule er noko heilt unikt, og det blir det ein gjer det til sjølv.

Eg stressa meg gjennom vidaregåande for å få gode nok karakterar til å komma inn på veterinærstudiet. Eg følte derfor eg trengte eit friår før eg begynte å studere.

Når eg skulle velje kva for ein skule eg ville gå på var det viktigaste for meg at det var ei bra linje. Difor såg eg først og fremst berre på linja. Eg forelska meg i SEA frå første stund. Eg såg på andre som eg óg søkte på, men det var alltid Bakketun som skilte seg ut, og det er eg veldig glad for nå, sier Sunniva.

Eg har fått utruleg mykje ut av året på folkehøgskule. Eg har fått venner og minner for livet, og lært veldig mykje om meg sjølv. Det er mitt første år vekke frå familien så eg har vore mykje meir sjølvstendig, noko som har vore veldig lærerikt. Eg har óg blitt mykje tryggare på meg sjølv ved å vere rundt menneske som gjer meg trygg. På folkehøgskule gjer alle eller seier alle dumme ting heile tida, vi har bla. lister over artige quotes folk seier. Det er veldig morosamt å sjå tilbake på.

Sunniva har fått venner og minner for livet på Bakketun

Sunnivas tips til kommende folkehøgskoleelever

Eg vil tipse om å gjere mest mogleg utav året. Bli med på ting som skjer, og ikkje berre i starten av året for å bli kjent, men gjennom heile året. Året på folkehøgskule er noko heilt unikt, og det blir det ein gjer det til sjølv. Det er sjølvsagt lov å vere sliten men prøv å vere på og nyt opplevingane og stemninga. På folkehøgskule kan ein vere den ein er uansett og ingen dømmer ein. Og ein ting til: ta mange bilete! Eg elskar å ta bilete og har ekstremt mange bilete men det er alltid veldig kjekt å sjå tilbake på for ein gløymer fort småhendingar som skjer, sier hun.

Ville utfordra seg sjølv

Eg valgte Sport Extreme Australia (SEA) fordi eg følte eg fekk mest utav den linja. Eg ville utfordre meg sjølv på mange område og samtidig få prøve mange nye aktivitetar. I tillegg hadde SEA den mest spennande linjeturen med tur til Australia og Thailand, der ein bla fekk ta dykkerlappen og hoppe i fallskjerm.

Det er vanskeleg å plukke ut høgdepunkt for vi gjer veldig kjekke ting heile tida, men eg trur det som har satt djupast spor er turen vi hadde til Hoddevik og Åre. I Hoddevik var vi på ein surfecamp og surfa i tre dagar. Eg hadde høyrt at det var veldig vanskeleg så eg hadde låge forventningar til surfinga men tenkte det skulle bli kjekt uansett, men sjølv om det var utfordrande var det enklare enn eg såg føre meg så allerede første dagen tok eg ei bølgje. Det var óg veldig kjekt å vere på tur med Challenge Explore og Vanlife. I Åre sykla vi downhill, og det var veldig skummelt men óg fantastisk kjekt.

Faga er bra. Eg er sjølvsagt mest glad i linjetimane, for det er då vi gjer dei kjekkaste aktivitetane. Men eg synest at kor er veldig koselig også er det fint å reflektere i internatfag og standpunkt. Då kan ein finne litt ut av kva ein står for og kva verdiar ein har. Det er óg interessant når vi får besøk av andre som fortel forskjellige historiar eller underviser om deira lidenskapar.

Eg synest miljøet på skulen er veldig bra. Alle kan vere med alle og kan drite seg ut og vere veldig uhøgtideleg med kvarandre. Det er óg eit veldig bra forhold mellom elevane og lærarane. Dei gjer mykje for at vi skal trivast her og det legg ein merke til, seier Sunniva.

Kjekt å reise som en gjeng

Heile året har vore heilt fantastisk men skuleturen til Spania var eit stort høgdepunkt. Heile skulen var på tur saman og vi gjorde masse kjekke ting ilag. Det var spesielt å reise såpass mange. Vi var bla. til Gibraltar og møtte mange apekattar. Eit anna høgdepunkt frå den turen var Sevilla. Vi var midt i byen og fekk lyst til å bade. Då fann vi oss ei elv og hoppa uti. Ho var sikkert ikkje rein i det heile men det tenkte vi ikkje på.

STUDIETUR TIL AUTRALIA: Linjeturen var helt ubeskrivelig fra ende til annan seier sunniva. 

Linjeturen var heilt ubeskrivelig frå ende til annan. Derfor er det igjen vanskeleg å plukke ut høgdepunkt, men eg koste meg veldig masse då vi hoppa i fallskjerm og dykka. Det var noko heilt nytt som skilte seg ut frå alt anna. Også møtte vi vennene våre frå Challenge Explore og vanlife då vi hoppa i fallskjerm. I tillegg elsket jeg livet når vi gikk gjennom et naturreservat og gikk i sjøen og lette etter ulike dyr. Vi fant salamandarar, krabbar, sjøstjerner og fisk, seier Sunniva.

Actionfylt linjetur til Australia og Thailand

Sunnivas beste tips for året på Folkehøgskule

  • Bli med på ting som skjer gjennom heile året, ikkje berre i starten av året for å bli kjent.
  • Nyt opplevingane og stemninga – året blir det ein gjer det til sjølv.
  • Ta mange bilete – ein gløymer fort småhendigar som skjer

Eg har fått utruleg mykje ut av året på folkehøgskule. Eg har fått venner og minner for livet, og lært veldig mykje om meg sjølv. Det er mitt første år vekke frå familien så eg har vore mykje meir sjølvstendig, noko som har vore veldig lærerikt. Eg har óg blitt mykje tryggare på meg sjølv ved å vere rundt menneske som gjer meg trygg. 

– Sunniva Thalvin Alvsåker

Andre saker

Studietur til New York

Studietur til New York

I mars dro linjene Scene Studio Turnè og Kunsthåndverk på en 11 dager lang studietur til legendariske New York.  Vi bodde på YMCA-hostel sentralt på Manhattan, nært Central Park - hvor vi...

les mer